Det var lenge sidan! Sidan sist har me flytta frå 3-roms til rekkehus og det er fantastisk å ha bedre plass. Eg har til og med fått innreda mitt eige syloft :) Der skal eg få det mykje morro!
I eit større hus er det mykje småtteri som kan lagast til dei ulike romma, fyrst ut her på bloggen er denne oppslagstavla som no heng på kjøkenet. Den er laga av ei korktavle og stoff frå IKEA, litt platevatt og eit dekorband frå Panduro.
Både platevatt, stoff og dekorband er festa på baksida med stifter.
Med innebygd kjøleskåp mista me mogelegheita til å henge opp hugselappar og barnehageplanar med magnetar, så no skal det endeleg bli full oversikt igjen!