Og slik blei sokken etter ein runde i vaskemaskina :)
Sokken er strikka med DROPS Eskimo og DROPS Puddel, og oppskrifta er henta på Garnstudio.com.
søndag 21. november 2010
Julesokk
Oi, det var lenge sidan sist. Desverre så har det ikkje skjedd stort meir på håndarbeidsfronten enn det som har vorte lagt ut på bloggen her... Men no er eg nesten ferdig med eit juleprosjekt. Julesokken er ferdig strikka, og den er no i vaskemaskina til toving!
Bilde av sokken før toving,
teke med mobil og derfor ikkje topp kvalitet ;)
søndag 25. juli 2010
søndag 18. juli 2010
Oppbevaringslommer
Eg sydde også fire oppbevaringslommer som Iver kan ha på veggen på det nye rommet sitt, når det vert ferdig ;)
fredag 16. juli 2010
På tide å avsløre
... kva som var avbilda i forrige innlegg. Vesle Iver har no fylt 1 år, og då fekk han bl.a. denne selebuksa med ein apekatt på ryggen og ein apegensar.
Både mønster og alle stoffa er også denne gong frå Stoff og Stil.
søndag 27. juni 2010
søndag 13. juni 2010
Nye prosjekt på gong...
Eg har for tida fleire prosjekt på gong, både med symaskin, heklenål og strikkepinnar. Ikkje alle kan visast på bloggen endå, men eg dristar meg likevel til å leggja ut eit bilde av strikketøyet eg held på med.
Dette skal bli ei jakke til ei lita jenter eller ein liten gut. Jakka vert strikka i rillestrikk med start nede på venstre side, og sidan alt vert strikka i eitt stykke vert det minimalt med montering til slutt :) No er eg akkurat ferdig med eine forstykket og har såvidt starta på fyrste armen.
fredag 4. juni 2010
Soppgensar
Forrige helg sydde eg denne gensaren til nevøen min. Det søte stoffet kjøpte eg på Stoff og Stil, og der hadde dei mykje anna fint og!
lørdag 22. mai 2010
Strikkepinneetui
Da er mitt første prosjekt på Janomine ferdig. Med tanke på at dette var første gang jeg tok i en symaskin siden ungdomsskolen, er jeg i grunnen ganske fornøydd :)
Hos Pickles fant jeg denne fine oppskriften på et strikkepinneetui, så det ble altså det første jeg sydde på Janomine.




Hva syns dere?
Janomine
Denne symaskina blei mi i dag:

Etter mykje lesing på diverse bloggar og forum på nettet, falt valet til slutt på ei Janome DC 4100. Eg håpar og trur eg har ei god symaskin i veldig mange år framover :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)